Trondheimtips: jubileumsveke hos Fretex Møllenberg 

ab175f19-c310-4cfd-847b-ad69c7116a7e-4.jpg

Denne veka blir Fretex Møllenberg 15 år, og feirar det heile med blant anna boksal og -30% rabatt på alle kle! Mitt beste Trondheimstips akkurat no er difor å ta ein tur innom butikken i Rosenborg gate, om du har lyst på litt lesestoff og nye haustkle utan å belaste miljøet og lommeboka for mykje!

 

Advertisements

Trondheimtips: Sellanraa

Det er nok mange som kjenner til denne staden no, for den har raskt blitt svært populær, men eg må nesten anbefale den likevel!

Sellanraa bok & bar er ein kaffebar, bokhandel, restaurant og vinbar i eitt, og ligg saman med Litteraturhuset i Kongens gate (inngangen er riktignok i Søndre). Den har ei veldig spesiell atmosfære med spennande interiør som kjenst både moderne og klassisk på same tid, og eg vil dessutan tør å påstå at dei har Trondheims beste kaffe latte! Eg likar godt å sitte her og skrive, og ofte foregår det spennande arrangement her som kan vere verd å få med seg.

Har du ikkje vore her enno, så ta turen! Og etterpå er det berre å spasere rett inn på biblioteket og låne med seg ei god bok heim (evt. ei bok til å lese i medan ein nyt kaffen på Sellanraa!).

Trondheimtips: billig kuleis

Eg elskar is, og då meiner eg ikkje slike krystalliserte pinneisar ein får i frysedisken på matbutikken, men ordentleg is, som softis eller kuleis. Dessverre er 35 kr per kule ganske dyrt for ein blakk student, så eg har ikkje unna meg sjølv kuleis så veldig ofte.

…heilt til eg oppdaga RAS cafe og restaurant på Nedre Bakklandet, ikkje langt frå Bakke bru. RAS er eigentleg ei kebabsjappe, men der har dei altså kuleis som er både god og billig! Ei kule kostar berre 15 kr, to kostar 25 og for 35 kr får du heile tre kuler. Min favoritt er den som heiter Brownie melkesjokolade, ein slags «half baked» brownie-is, men dei har mange andre spennande smakar òg. Så: visst du vil ha god og billig kuleis, så veit du kvar du må gå!

Mitt beste studietips nett no: bytt miljø!

IMG_4839

IMG_4841

IMG_4843

IMG_4844

IMG_4840

IMG_4988

Student og dritlei av vinter, arbeidskrav og lange skriveøkter i lesesalen? Jepp, der har du meg. Men no har eg funne ein medisin som funkar: å bytte arbeidsmiljø.

Denne veka har vi hatt «vinterferie» (det vil seie studieveke med ei usannsynleg stor skriveoppgåve som skal inn i slutten av veka), og kvar dag har eg tatt med meg mac’en + 500 kg pensumbøker, og slept meg til sentrum for å finne ein kafé med triveleg atmosfære og kaffe til overkommeleg pris. Å kunne gomle på ein nysteikt blåbærmuffins og supe kaffe med gratis påfyll har gjort skrivinga såå mykje lettare å komme igjennom, tru meg. Heile arbeidsøkta vart liksom triveleg, plutseleg (altså, sjå bileta over, då), og det endte med at eg heller ville bli på kaféen og skrive oppgåve ein time lengre enn å gå heim og sjå seriar i senga. Wooow.

Prøv det, det er verdt forsøket! Om det ikkje funkar så får du iallfall ei kaffepause.