Frukostanbefaling på ein laurdag: sjokoladechiapudding

Om du er eit like stort sjokolademonster som meg og gjerne vil ha sjokolade til frukost, middag og kvelds, eller om du berre ønsker litt sunnare komfortmat, så er denne verd å prøve! 
Alt du treng er 1,5 spiseskeier chiafrø og 2 dl sjokolademjølk (min favoritt er Alpro soya Chocolate, men anna plantebasert sjokolademjølk eller vanleg Litago fungerer også). La blandinga overnatte i kjøleskåpa, og så har du ein herleg puddingfrukost på laurdag. Eller dessert. Eller etter-trening-snack. Chiafrø og mjølk inneheld jo så mange gode næringsstoff! 

Advertisements

Ein favoritt nett no: mynte-te

Venninna mi kom på besøk og hadde med seg mynteblad frå hagen. Vi kokte opp vatn og putta tre-fire blad i kvar vår kopp, og resultatet vart himmelsk mynte-te! Prøv det, men ikkje bruk mynteplantene frå matbutikken, for dei er omtrent smaklause…

Har forresten fått noko til kjøkkenet som eg ikkje visste at eg trengte: ei te-hylle! Mamma fann den til meg på ein gjenbruksbutikk, og tenkte umiddelbart på te-hylla til Glamourbibliotekaren. Blei så glad! 

Trondheimtips: billig kuleis

Eg elskar is, og då meiner eg ikkje slike krystalliserte pinneisar ein får i frysedisken på matbutikken, men ordentleg is, som softis eller kuleis. Dessverre er 35 kr per kule ganske dyrt for ein blakk student, så eg har ikkje unna meg sjølv kuleis så veldig ofte.

…heilt til eg oppdaga RAS cafe og restaurant på Nedre Bakklandet, ikkje langt frå Bakke bru. RAS er eigentleg ei kebabsjappe, men der har dei altså kuleis som er både god og billig! Ei kule kostar berre 15 kr, to kostar 25 og for 35 kr får du heile tre kuler. Min favoritt er den som heiter Brownie melkesjokolade, ein slags «half baked» brownie-is, men dei har mange andre spennande smakar òg. Så: visst du vil ha god og billig kuleis, så veit du kvar du må gå!

Oppskrift: heimelaga granola

heime1

heime2

Denne oppskrifta leitar eg fram når eg er lei av brødskiver til frukost og vil ha noko anna ei stund.

Heimelaga granola (ca. to store glas):
13 dl vanleg havregryn
2 dl valnøttkjerner
1 dl solsikkefrø
1 ts kanel
3 eggekviter
1 ts salt
1 dl honning
0,75 dl olivenolje
2 dl opphakka tørka frukt

Gjer slik: set ovnen på 175 grader. Bland havregryn, nøtter, frø og kanel i ein bolle. I ein annan bolle vispar du eggekviter og salt til det skummar og blandar inn olje og honning. Tøm den flytande blandinga over i bollen med gryn. Bland godt! Den ferdige blandinga fordelast jamt ut over to langpanner.

Steik granolaen i 20 minutt på 175 grader. Ta så langpannene ut, vend forsiktig på blandinga, og steik den vidare til alt er gyllenbrunt, ca 10 minutt. La granolaen bli heilt avkjølt før du blandar inn tørka frukt og heller alt over på lufttette glas.

Eg synest blandinga smakar best med melk, GoGreen sin kokosdrikk eller yoghurt, toppa med frisk frukt eller bær! Bileta øverst i innlegget er frå ein sommar i feriehuset vårt då eg kunne fråsse i verdas beste bringebær, dyrka på nabogarden. NAM, altså!