Inngangshallen før og no

Vi har oppgradert inngangshallen vår litt! Hugsar de det grøne rommet med den raude tråppa?

33_22750121533_116834115133_316346696

Etter nokre strøk måling og litt nye detaljar har rommet blitt lysare, ryddigare og mindre hytteaktig:

Det var med andre ord ikkje så mykje som skulle til. Hallen er stor og romslig med ei dramatisk trapp, så potensialet har alltid vore der! Det er framleis litt som står att, slik som ein ny taklampe, hyller og ein spegel, men vi er allereie storfornøgde med vår nye inngangshall!

Ferie!

Førre veke hadde eg siste eksamen, så no har eg hatt nokre dagar med etterlengta avkopling! Det har vore det travlaste semesteret nokon sinne, men eg kom altså heldigvis i mål til slutt. Som belønning fekk eg nydelege roser av min kjære: 

Ferie = meir tid i mi nye heimbygd og i huset vårt, så no skjer det ting og tang her! Det vil nok komme litt oppdateringar etter kvart som dei ulike prosjekta blir ferdigstilte, men her er ein liten sneak peak så lenge:

Sjefen i huset godkjende heldigvis det nye golvteppet i inngangshallen! Nokon som hugsar korleis rommet såg ut før?

Ein ørliten smugtitt 


Den første helga i huset resulterte i ei ganske bra oppgradering av kjøkkenet. Vi stod på og fekk gjort mesteparten på eit par dagar (flaks at ein er trulova med ein handyman), men det gjenstår framleis nokre vesentlege detaljar før vi er heilt nøgde. Så fort dei er på plass skal de få sjå før- og etterbilete! 

Om vår nye heim

På fredag 28. oktober overtok vi endeleg nøklane til huset, så no er det offisielt vårt! Hurra!! I den anledning tenkte eg det passa seg å fortelje litt meir om vår nye heim:

Det heile starta med at min kjære, som er handtverkar, var å la golv i eit hus gjennom jobben. Same ettermiddag ringde han meg og fortalde at huset var til sals, og at han hadde fått ei så god kjensle med det same han kom inn døra at han ville vise huset til meg òg. Eg var i praksis den veka, så han sendte meg prospektet, og allereie samme kveld bestemte vi oss for at vi skulle forsøke å legge inn eit bud. Fredag same veka sat eg og åt lunsj då denne meldinga tikka inn på telefonen min: «Gratulerer med hus!» Og plutseleg, på berre fem dagar, var vi blitt huseigarar!

Huset er som nemnd frå 1969 og ligg øverst i eit boligfelt med utsyn over bygda. Det har mange spennande kvalitetar, mellom anna ei snekkarbod i underetasjen, ei stor matbod med kjølerom (hjelp, vaksenpoenga berre ramlar inn her no), eit potensielt kontor med nydeleg utsyn, ein hage med ripsbusker og diverse fruktre, samt turområde i umiddelbar nærleik. Huset er forresten ein lærarbolig, noko som passar fint då det er nettopp lærar eg skal bli når eg blir stor. Eg kan allereie sjå for meg å sitje ved skrivebordet på kontorrommet, sjølvsagt ved vindauget som har utsyn over bygda, og lese meg igjennom bunkar med elevarbeid.

Det er med andre ord eit innhaldsrikt hus, og det er tydeleg at dei som bygde og budde her har vore veldig glade i det. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det har behov for ei gjennomgåande oppgradering, både invendig og utvendig. Eg har ingen eigne fotografi frå innsida endå, men bileta frå boligannonsa kan få illustrere beskrivingane mine:

Som de ser så finnast der mykje furu og utdaterte golvbelegg og strietapetar, meg òg mykje potensiale. Eg elskar trappa vår, for å nemne noko! Og at vi fekk eit piano på kjøpet er heller ikkje å forakte. Åh, eg kleiar i fingrane etter å setje i gang med å gjere huset til vårt eige, til å gjere det til heime ❤

Vi har eit hus!

33_403094569

Denne perla frå 1969 blir vår i slutten av månaden, noko som betyr at livet er smått kaotisk for tida. Vi skal ut av vår fine parleiegheit, og han skal heim til barndomsbygda for å pusse opp huset medan eg flyttar inn i eit kollektiv i byen (sannsynlegvis for siste gong). Eg har jo eit par år att av studiet før eg kan flytte etter, men heldigvis er dei ikkje så altfor langt unna, mannen og vår nye heim.

Heile denne greia med å eige og pusse opp eit hus er jo fullstendig nytt for meg, så eg tenkte det kunne vere morosamt å skrive om det her inne. Følg med på kategorien «Huset» om du vil bli med på ferda!