Ein sommardag i Trøndelag

Eit av dei mange fine syrentrea i nabolaget ❤

Endeleg fekk vi ein finevêrsdag her i Barteby, og eg har vore på torget og ete is og sett på livet på Trøndermartnan. I tillegg var eg ein tur på Kaffebrenneriet for å kjøpe favorittkaffen vår, Fransk Kontinental, samt ei svipptur innom NMS gjenbruk, der eg fann denne veska med plass til PCn min til berre 35 kr! Bra ettermiddag!

Advertisements

Ein kald og regnfull morgon i juni

I går var det eit hula vêr her i trønderhovudstaden (det er det for så vidt i dag òg)! Regnet hølja ned, det blåste kraftig og gradestokken kraup ned på 7-8 grader… Hauststemning i juni, dokke. Heldigvis hadde eg all verda med tid, så eg bussa inn til sentrum og rusla rundt på biblioteket ei stund, før eg tok med meg fangsten til næraste kafé. Der kosa eg meg med bok og byens beste kaffe latte ei stund (som eg har skrive litt om før).

Boka eg las heiter forresten Far, mor og oss og er skriven av Johan Borgen. Eg høyrde om den for første gong på Glamourbibliotekaren sin blogg og bestemte meg for å låne den etter eksamen, og det gjorde eg! Den er skriven frå eit barn sitt perspektiv og er såå søt og morosam! Eit av eit par av mine favorittsitat til no, frå første og andre kapittel:

 

Men Eli er sånn varm inni som en peis. Det er varmt inne i henne. Det er der, bak øynene, i stemmen. Hun får det til å brenne i ovnen med en eneste fyrstikk når vi er på hytte og har alltid vært den beste i klassen uten at noen synes det er ekkelt.

Det er forresten ikke til å komme forbi å fortelle at far skriver noe slags. Men jeg vil iallfall ikke si hva han skriver; enten tjener han ingenting på det og sier at det er det som er vitsen, eller så tjener han masse penger, og da sier han det er det som er vitsen.

 

Ferie!

Førre veke hadde eg siste eksamen, så no har eg hatt nokre dagar med etterlengta avkopling! Det har vore det travlaste semesteret nokon sinne, men eg kom altså heldigvis i mål til slutt. Som belønning fekk eg nydelege roser av min kjære: 

Ferie = meir tid i mi nye heimbygd og i huset vårt, så no skjer det ting og tang her! Det vil nok komme litt oppdateringar etter kvart som dei ulike prosjekta blir ferdigstilte, men her er ein liten sneak peak så lenge:

Sjefen i huset godkjende heldigvis det nye golvteppet i inngangshallen! Nokon som hugsar korleis rommet såg ut før?

Berlin

Denne veka var eg på studietur i Berlin! Her er nokre av dei mest minneverdige opplevingane frå turen:

(Ps: då dette var ein studietur med kunstklassa, så vil opplevingane frå denne turen for det meste dreie seg om kunstrelaterte saker).


Clärchen Ballhaus, staden der tida har stoppa opp for lenge sidan. I desse gamle danselokala får ein servert nydeleg mat med svingande berlinarar som underhaldning, og så er den tredje servitøren ein katt! Litt som i ein Disney-film, eigentleg. Absolutt verd å få med seg om ein skal til Berlin! Og om du dreg dit, så må du gå inn døra til høgre og opp trappa og ta ein titt på den gamle speglsalen også.

Jödische Museum. Denne staden gjorde verkeleg inntrykk, kanskje særleg fordi vi hadde ein eksepsjonelt flink guide. Det som er ekstra spennande med dette museet er at arkitekturen er utforma på ein slik måte at den forsterkar innhaldet. Hit burde alle gå for å leve seg inn i jødane sin situasjon under andre verdskrig, for her får ein verkeleg kjenne håpløysa på kroppen. Og som guiden vår sa: la oss håpe at dei neste åra ikkje blir ei reprise.

Hamburger Bahnhof, museet for samtidskunst. Her får ein alt frå Andy Warhol til performance art. I avdelinga som er avbilda ovanfor var det mykje spennande kunst å sjå på, men dessverre blei opplevinga litt dempa av den forferdeleg tørre guiden vi hadde med oss. Det som derimot ikkje var tørt, var den andre avdelinga vi var i – ein laaaaaang korridor med mange dører inn til spennande kunstinstallasjonar. Her var eg for opptatt av å oppleve til å ta bilder, men det er berre å google! Og om du skal dit – prøv å gå ned trappa med papirkonfetti i, sjølv om det ikkje er nokon andre der og det ser ut som om det ikkje finnast noko der nede.

Berliner Mauer East Side Gallery. Når du er kunststudent i Berlin, så må du sjølvsagt ein tur for å sjå sjølvaste Berlinmuren og East Side Gallery. På austsida av muren, langs Mühlenstraße, fekk diverse kunstnarar frå heile verda slå seg laus i 1990, og resultatet vart dette fargerike gategalleriet. Her finn du òg det berømte maleriet av broderkysset mellom Brezhnev og Honecker.

Og heilt til slutt, eit generelt Berlintips: alt det gode bakverket dei har på kafeane! Ååååh ❤