Dette ser eg fram til nett no:

Å kunne nyte denne utsikta kvar dag om eitt års tid! 

Advertisements

Ona


Familien min og eg besøkte dette vesle øysamfunnet og fiskeværet på ein strålande dag, og det var eit sant eventyr! Fyrtårn med fyrkatt, blått hav på alle kantar, smale smug mellom søte små hus og eit par gamle og pratesalige fastbuande er berre noko av sjarmen ved Ona. Skal definitivt tilbake ❤

Inngangshallen før og no

Vi har oppgradert inngangshallen vår litt! Hugsar de det grøne rommet med den raude tråppa?

33_22750121533_116834115133_316346696

Etter nokre strøk måling og litt nye detaljar har rommet blitt lysare, ryddigare og mindre hytteaktig:

Det var med andre ord ikkje så mykje som skulle til. Hallen er stor og romslig med ei dramatisk trapp, så potensialet har alltid vore der! Det er framleis litt som står att, slik som ein ny taklampe, hyller og ein spegel, men vi er allereie storfornøgde med vår nye inngangshall!