Berlin

Denne veka var eg på studietur i Berlin! Her er nokre av dei mest minneverdige opplevingane frå turen:

(Ps: då dette var ein studietur med kunstklassa, så vil opplevingane frå denne turen for det meste dreie seg om kunstrelaterte saker).


Clärchen Ballhaus, staden der tida har stoppa opp for lenge sidan. I desse gamle danselokala får ein servert nydeleg mat med svingande berlinarar som underhaldning, og så er den tredje servitøren ein katt! Litt som i ein Disney-film, eigentleg. Absolutt verd å få med seg om ein skal til Berlin! Og om du dreg dit, så må du gå inn døra til høgre og opp trappa og ta ein titt på den gamle speglsalen også.

Jödische Museum. Denne staden gjorde verkeleg inntrykk, kanskje særleg fordi vi hadde ein eksepsjonelt flink guide. Det som er ekstra spennande med dette museet er at arkitekturen er utforma på ein slik måte at den forsterkar innhaldet. Hit burde alle gå for å leve seg inn i jødane sin situasjon under andre verdskrig, for her får ein verkeleg kjenne håpløysa på kroppen. Og som guiden vår sa: la oss håpe at dei neste åra ikkje blir ei reprise.

Hamburger Bahnhof, museet for samtidskunst. Her får ein alt frå Andy Warhol til performance art. I avdelinga som er avbilda ovanfor var det mykje spennande kunst å sjå på, men dessverre blei opplevinga litt dempa av den forferdeleg tørre guiden vi hadde med oss. Det som derimot ikkje var tørt, var den andre avdelinga vi var i – ein laaaaaang korridor med mange dører inn til spennande kunstinstallasjonar. Her var eg for opptatt av å oppleve til å ta bilder, men det er berre å google! Og om du skal dit – prøv å gå ned trappa med papirkonfetti i, sjølv om det ikkje er nokon andre der og det ser ut som om det ikkje finnast noko der nede.

Berliner Mauer East Side Gallery. Når du er kunststudent i Berlin, så må du sjølvsagt ein tur for å sjå sjølvaste Berlinmuren og East Side Gallery. På austsida av muren, langs Mühlenstraße, fekk diverse kunstnarar frå heile verda slå seg laus i 1990, og resultatet vart dette fargerike gategalleriet. Her finn du òg det berømte maleriet av broderkysset mellom Brezhnev og Honecker.

Og heilt til slutt, eit generelt Berlintips: alt det gode bakverket dei har på kafeane! Ååååh ❤

Advertisements

Glasklart

I ei lita bygd på Vestlandet fann eg ei bruktbud som hadde utruleg mykje fint! Mellom anna desse dessertskålene. 

Tre minutt seinare dukka det opp seks likørglas i same stil. 


Eg seier det igjen: GJENBRUK ❤ Det er både spennande, økonomisk og miljøvennleg, og særleg fint er det no når vi har vårt heilt eige hus å fylle.