Trondheimtips: Sellanraa

Det er nok mange som kjenner til denne staden no, for den har raskt blitt svært populær, men eg må nesten anbefale den likevel!

Sellanraa bok & bar er ein kaffebar, bokhandel, restaurant og vinbar i eitt, og ligg saman med Litteraturhuset i Kongens gate (inngangen er riktignok i Søndre). Den har ei veldig spesiell atmosfære med spennande interiør som kjenst både moderne og klassisk på same tid, og eg vil dessutan tør å påstå at dei har Trondheims beste kaffe latte! Eg likar godt å sitte her og skrive, og ofte foregår det spennande arrangement her som kan vere verd å få med seg.

Har du ikkje vore her enno, så ta turen! Og etterpå er det berre å spasere rett inn på biblioteket og låne med seg ei god bok heim (evt. ei bok til å lese i medan ein nyt kaffen på Sellanraa!).

Advertisements

Panna cotta på verandaen

Trudde livet skulle bli roligare etter praksis, men der tok eg grundig feil. Når kvardagen er så hektisk som dette er det ekstra viktig å finne rom for kos og hygge. Kos og hygge kan vere så mangt, som for eksempel dette: 


Ein nydeleg god vanilje-panna cotta, med bringebærsaus, i sola på verandaen! Og kanskje det beste av alt; den var veldig enkel å lage! Her er oppskrifta eg tok utgangspunkt i, dersom fleire har behov for ei ekstra dose kos og hygge denne veka ❤