Dagens gjenbruksfunn

Eg hadde bursdag for ei tid tilbake, og då fekk eg eit gåvekort på Fretex av tre gode vennar. I dag hadde eg fri, og dermed tid til å bruke det! Med meg heim vart ein mørkblå merinoullgenser til 129 kr (opprinneleg frå Filippa K), ei lita veske i brunt skinn til 69 kr, øyredobbar til 10 kr og ein mønstra strikkagenser til 79 kr (opprinneleg frå Monki). SÅ fornøgd med gåvekortgevinstane!

Føler forresten for å påpeike at eg ikkje ønskjer å oppfordre til forbruk ved å publisere innlegg som dette. Derimot ønskjer eg å inspirere til gjenbruk på denne bloggen! Eg vil vise at ein finn (minst) like mykje fint i second hand-butikkar som hos kjedebutikkane, og handlar ein brukt så er det i tillegg både økonomisk og miljøvennleg. Og så er det jo så spennande å gå i slike butikkar òg, for ein veit jo aldri kva ein vil finne! Skattejakta er meir enn halve moroa, for min del.