All is calm, all is bright


God jul, alle saman! Her i huset ringer vi jula inn med Mahalia Jackson, som vanleg. 

Advertisements

Ruter


Endeleg er eg heime på juleferie, og det betyr mellom anna å ha tid til å gjere kva eg vil: lese bøker, sjå fimar, gå lange turar, lage karameller og, sjølvsagt, raide dei lokale secondhandbutikkane! På måndag drog mor og eg ein tur til nabobygda sin brukthandel, og der fann eg denne rutete kåpa til 100 kr. Den har ein sånn fin, høg hals som varmar godt no på vinteren, og ser bra ut både med og utan belte i livet. 

Advent

Fann denne skatten av ein adventskalender på Fretex og forelska meg heilt i dei små bura med dei skeive dørene. Tenkte å fylle den med te så fort eg får tid til å legge bort pensumbøkene litt og gi den ein grundig vask. Og så blir eg heilt varm i hjartet av å tenkje på at den kan glede små barn ein gong i framtida ❤