Om vår nye heim

På fredag 28. oktober overtok vi endeleg nøklane til huset, så no er det offisielt vårt! Hurra!! I den anledning tenkte eg det passa seg å fortelje litt meir om vår nye heim:

Det heile starta med at min kjære, som er handtverkar, var å la golv i eit hus gjennom jobben. Same ettermiddag ringde han meg og fortalde at huset var til sals, og at han hadde fått ei så god kjensle med det same han kom inn døra at han ville vise huset til meg òg. Eg var i praksis den veka, så han sendte meg prospektet, og allereie samme kveld bestemte vi oss for at vi skulle forsøke å legge inn eit bud. Fredag same veka sat eg og åt lunsj då denne meldinga tikka inn på telefonen min: «Gratulerer med hus!» Og plutseleg, på berre fem dagar, var vi blitt huseigarar!

Huset er som nemnd frå 1969 og ligg øverst i eit boligfelt med utsyn over bygda. Det har mange spennande kvalitetar, mellom anna ei snekkarbod i underetasjen, ei stor matbod med kjølerom (hjelp, vaksenpoenga berre ramlar inn her no), eit potensielt kontor med nydeleg utsyn, ein hage med ripsbusker og diverse fruktre, samt turområde i umiddelbar nærleik. Huset er forresten ein lærarbolig, noko som passar fint då det er nettopp lærar eg skal bli når eg blir stor. Eg kan allereie sjå for meg å sitje ved skrivebordet på kontorrommet, sjølvsagt ved vindauget som har utsyn over bygda, og lese meg igjennom bunkar med elevarbeid.

Det er med andre ord eit innhaldsrikt hus, og det er tydeleg at dei som bygde og budde her har vore veldig glade i det. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det har behov for ei gjennomgåande oppgradering, både invendig og utvendig. Eg har ingen eigne fotografi frå innsida endå, men bileta frå boligannonsa kan få illustrere beskrivingane mine:

Som de ser så finnast der mykje furu og utdaterte golvbelegg og strietapetar, meg òg mykje potensiale. Eg elskar trappa vår, for å nemne noko! Og at vi fekk eit piano på kjøpet er heller ikkje å forakte. Åh, eg kleiar i fingrane etter å setje i gang med å gjere huset til vårt eige, til å gjere det til heime ❤

Advertisements

4 tankar på “Om vår nye heim

  1. Gratulerer!

    Ser ut som eit hus med mange spennande moglegheiter – og den trappa var de verkeleg heldige med! Og kjekt at der i hagen allereie er vekstar ein kan hauste frå til neste sesong. Eg tykkjer det er noko av det som verkeleg er med på å skape kjensla av ein heim!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s