Lange ermar

Som nemd i førre innlegg er eit av teikna på at det går mot haust at eg blakkar meg på Fretex. Hovudsakleg er det langerma skjorter og genserar som har fått bli med heim, og desse tre er favorittane mine nett no! Hausten er jo så fargerik, so why not dress for the occasion? 🙂 

Tydelege teikn på at det går mot haust

  • Det er faddervekefestar OVER ALT. HEILE DØGNET.
  • Det har regna heile dagen.
  • Favorittkveldsmaten min er heimelaga granola toppa med norske epler og kanel.
  • Eg får ein plutseleg trang til å pakke vekk alle sommarkleda mine og leite fram langerma genserar, mjuke skjerf og raggsokkar.
  • Eg er blakk grunna innkjøp av pensumbøker + impulsshopping av haustkle på Fretex.
  • Eg druknar meg sjølv i te.

 

 

Oppdatering: bullet journaling

Tidlegare skreiv eg at eg ville prøve å setje opp ein bullet journal som eit alternativ til ein tradisjonell almanakk, og her kjem ei lita oppdatering på korleis det har gått.

Til no kan eg ikkje seie anna enn at det er heilt fantastisk! Eg tilpassar alle modular akkurat slik at dei passar mine behov, systemet med ulike «bullets» fungerer kjempefint (sjå denne nettstaden for ei innføring) og når eg har tid til overs er det kjekt å pynte sidene med fargar og små teikningar. Almanakken blir berre finare og betre for kvar side! Kven hadde trudd at planlegging kunne vere så gøy?!

Mitt beste tips til no: FriXion-pennen viste seg å vere ein veldig god idé! Det tek litt tid å setje seg inn i systemet og å bli fornøgd med dei oppsetta ein lagar, og ettersom eg føretrekkjer å skrive med penn framfor blyant, er ein utviskbar penn midt i blinken!

Eg stortrivast altså med min bullet journal, og anbefalar å gi det eit forsøk om du er lei av å kaste vekk pengar på almanakkar som aldri blir skrivne ut uansett. Her er det jo berre å bla om ei side og starte på nytt om ein gløymer den nokre månader (noko eg garantert ikkje kjem til å gjere – er avhengig allereie).

Eit morosamt samantreff 

Her ein dag skjedde noko ganske utruleg! Eg fekk lyst på quinoa til middag, og ettersom sola skein bestemte eg meg for å handle på matbutikken i det gamle strøket mitt, slik at eg fekk meg ein gåtur i finevêret. På veg heimover møtte eg på nokre jenter som kava svært med ein haug IKEA-pakkar. Eg spurte om dei trengte hjelp med å bære og om dei skulle langt, og dei takka fint ja og forklarte at dei skulle til toppen av bakken. «Haha,» tenkte eg for meg sjølv, «så artig det hadde vore om dei tilfeldigvis skulle flytte inn på gamlehybelen min!» Eg fortalte dei at eg budde på toppen av den bakken då eg først flytta til byen, og for morroskuld beskreiv eg bygninga for dei. «Men…» sa ho eine. «Det er jo der vi driv og flyttar inn no!!» Det heile endte med at eg fekk ein rundtur i mi gamle hybelleilegheit som takk for at eg hjalp dei med bagasjen. For eit samantreff! Eg var eit einaste stort smil resten av dagen ❤️

Omtrent slik såg rommet mitt ut då eg flytta inn for litt over to år sidan:

IMG_3247

Ein favoritt nett no: mynte-te

Venninna mi kom på besøk og hadde med seg mynteblad frå hagen. Vi kokte opp vatn og putta tre-fire blad i kvar vår kopp, og resultatet vart himmelsk mynte-te! Prøv det, men ikkje bruk mynteplantene frå matbutikken, for dei er omtrent smaklause…

Har forresten fått noko til kjøkkenet som eg ikkje visste at eg trengte: ei te-hylle! Mamma fann den til meg på ein gjenbruksbutikk, og tenkte umiddelbart på te-hylla til Glamourbibliotekaren. Blei så glad!