Trondheimtips: billig kuleis

Eg elskar is, og då meiner eg ikkje slike krystalliserte pinneisar ein får i frysedisken på matbutikken, men ordentleg is, som softis eller kuleis. Dessverre er 35 kr per kule ganske dyrt for ein blakk student, så eg har ikkje unna meg sjølv kuleis så veldig ofte.

…heilt til eg oppdaga RAS cafe og restaurant på Nedre Bakklandet, ikkje langt frå Bakke bru. RAS er eigentleg ei kebabsjappe, men der har dei altså kuleis som er både god og billig! Ei kule kostar berre 15 kr, to kostar 25 og for 35 kr får du heile tre kuler. Min favoritt er den som heiter Brownie melkesjokolade, ein slags «half baked» brownie-is, men dei har mange andre spennande smakar òg. Så: visst du vil ha god og billig kuleis, så veit du kvar du må gå!

Bullet journal

Har de høyrt om bullet journaling? Eg kom over denne videoen og blei superinspirert til å prøve dette sjølv, så i dag har eg vore på bokhandelen og kjøpt meg ei ny Moleskine-notatbok og ein FriXion-penn (reknar med det blir ein del prøving og feiling i starten, så tenkte at FriXion-penn er lurt sidan den er utviskbar). Eg tenker å ta utgangspunkt i framgangsmåten til bulletjournal.com og lage ein ny almanakk for studieåret 2016/17. Er det nokon der ute som driv med bullet journaling, så tek eg veldig gjerne imot tips, altså!