Mitt beste studietips nett no: bytt miljø!

IMG_4839

IMG_4841

IMG_4843

IMG_4844

IMG_4840

IMG_4988

Student og dritlei av vinter, arbeidskrav og lange skriveøkter i lesesalen? Jepp, der har du meg. Men no har eg funne ein medisin som funkar: å bytte arbeidsmiljø.

Denne veka har vi hatt «vinterferie» (det vil seie studieveke med ei usannsynleg stor skriveoppgåve som skal inn i slutten av veka), og kvar dag har eg tatt med meg mac’en + 500 kg pensumbøker, og slept meg til sentrum for å finne ein kafé med triveleg atmosfære og kaffe til overkommeleg pris. Å kunne gomle på ein nysteikt blåbærmuffins og supe kaffe med gratis påfyll har gjort skrivinga såå mykje lettare å komme igjennom, tru meg. Heile arbeidsøkta vart liksom triveleg, plutseleg (altså, sjå bileta over, då), og det endte med at eg heller ville bli på kaféen og skrive oppgåve ein time lengre enn å gå heim og sjå seriar i senga. Wooow.

Prøv det, det er verdt forsøket! Om det ikkje funkar så får du iallfall ei kaffepause.

Advertisements

Stovekroken vår – før og no

Slik såg det ut då vi var nyinnflytta i haust ein gong – berre dei gamle møblane frå sambuar si tidlegare leilegheit, ei potteplante og fint lite anna:

IMG_4739

Men mykje har skjedd sidan i haust, og no ser sofakroken ganske annleis ut:

IMG_4736

Vi har beholdt dei same møblane (pluss min nye gamle lenestol som eg kjøpte av ei snill dame her i Trondheim), og heller fokusert på å kjøpe nytt tilbehør. Synest nemleg det er så unødvendig å bytte ut møblar som fungerer heilt fint. Det er jo ikkje bra for verken miljøet eller lommeboka. Mykje av tilbehøret er dessutan heimelaga eller kjøpt brukt, og det synest eg at gjer heile inntrykket mykje meir personleg. No kjenst stova mykje lunare og lysare ut, synest vi!