Peparplansje på veggen

IMG_3534

Svippa innom Fretex på veg heim frå bussen i dag, og der fann eg denne plansjen i ein haug av rammer. Har hatt lyst på ein fin plansje såå lenge, og endeleg fann eg ein som ikkje kosta ei formue.

No heng den og prydar veggen mellom bokylla og kjøleskåpet.

IMG_3533

Advertisements

Oppskrift: heimelaga granola

heime1

heime2

Denne oppskrifta leitar eg fram når eg er lei av brødskiver til frukost og vil ha noko anna ei stund.

Heimelaga granola (ca. to store glas):
13 dl vanleg havregryn
2 dl valnøttkjerner
1 dl solsikkefrø
1 ts kanel
3 eggekviter
1 ts salt
1 dl honning
0,75 dl olivenolje
2 dl opphakka tørka frukt

Gjer slik: set ovnen på 175 grader. Bland havregryn, nøtter, frø og kanel i ein bolle. I ein annan bolle vispar du eggekviter og salt til det skummar og blandar inn olje og honning. Tøm den flytande blandinga over i bollen med gryn. Bland godt! Den ferdige blandinga fordelast jamt ut over to langpanner.

Steik granolaen i 20 minutt på 175 grader. Ta så langpannene ut, vend forsiktig på blandinga, og steik den vidare til alt er gyllenbrunt, ca 10 minutt. La granolaen bli heilt avkjølt før du blandar inn tørka frukt og heller alt over på lufttette glas.

Eg synest blandinga smakar best med melk, GoGreen sin kokosdrikk eller yoghurt, toppa med frisk frukt eller bær! Bileta øverst i innlegget er frå ein sommar i feriehuset vårt då eg kunne fråsse i verdas beste bringebær, dyrka på nabogarden. NAM, altså!

Tove Jansson: Trollmannens hatt

IMG_1818

IMG_1817

IMG_1816

Fann denne bokskatten i ein Fretexbutikk i dag, og trudde ikkje mine eigne auge då eg såg prisen: den kosta berre 19 kr!? Mummitrollet var ein stor del av barndommen min (vi var til og med på ferietur til Mummidalen i Finland då eg var seks år!), så eg vart barnsleg glad då eg fann denne boka. Den fekk sjølvsagt bli med heim og bu i bokhylla!