Hovudet

Denne bloggen er i utgangspunktet meint som ein stad der eg kan tømme hovudet mitt for diverse saker og ting som stadig surrar rundt der inne. Eg har så mange tankar og idear som eg har behov for å få ut på ein eller anna måte, og så kom eg plutseleg på kvar eg fekk utlaup for slikt tidlegare: gjennom å skrive blogg.

Mykje har endra seg sidan tenåringsversjonen av meg sjølv starta å blogge for ein del år sidan. I starten var det vel mest meiningslause innlegg av typen «hei bloggen, dette har eg gjort i dag», før eg midt i tenåra gjekk frå eit slags forsøk på å blogge om mote til seinare å skrive mest om kjensler, musikk, og kva som foregjekk i mitt litt dystre snart tjueårige sinn. Då eg som 21-åring backpacka meg gjennom Søraustasia, fekk bloggen funksjon som ei reisedagbok slik at mamma, pappa og bestemor fekk sjå bilete av stadane eg var på, lese om fine og rare kulturar og matrettar og få ro i sjela fordi eg ikkje hadde fått malaria, blitt tatt til fange, gifta meg med ein høvding eller andre farlege og skumle ting som kan skje når ein reiser til utlandet.

Etter reisa la eg blogginga på hylla for ei stund og konsentrert meg i staden om andre ting, men no er altså behovet tilbake. Kva eg kjem til å skrive om veit eg ikkje heilt, men eg kan garantere at denne bloggen verken vil innehalde innlegg med overskrifta «dagens outfit», eller klisje-sitat på engelsk som det ligg ei skjult meining bak. Reising, bøker og gjenbruk kan det derimot fort bli ein del av. Og amatørfotografi knipsa med iPhonen min.

Skrivast!

IMG_1622