(Fjor)årets overrasking!

Hallo 2018! Her inne har det vore stille ei stund, og plutseleg var det ikkje 2017 meir. Slik er det når livet skjer! Det vil nok bli sporadisk blogging i 2018 òg, men spennande ting skjer heile tida, så oppdateringane kjem undervegs!

Før jul overraska min kjær meg med å pusse opp soverommet. Eg var i byen for eksamen og ante ingenting, og då eg kom heim til jul stod ikkje senga vår på det kalde, midlertidige soverommet lengre, men på vårt eigentlege rom – som hadde blitt eit heilt nytt rom!

Hugsar de korleis det såg ut før?

Ikkje akkurat innbydande. Det var difor tidenes overrasking å komme heim og finne dette bak døra i staden:

Er det ikkje lunt og koseleg?? Kjærasten har gjort alt sjølv (med litt hjelp frå snille svigermor), og har til og med redesigna vårt gamle og stygge TV-bord om til sengegavl og nattbord. Heldige meg!

I løpet av ferien har vi fått opp litt på veggane òg, for å gi rommet eit endå meir personleg preg:

Illustrasjonane over senga er laga av underteikna, og skal forestille min kjære og meg. Akvarellen er måla av mor mi, og viser eit kjært motiv heimanfrå.

Nett no er dette favorittrommet mitt i huset, men det skjer spennande ting i fleire andre rom òg! Meir om det seinare!

Advertisements

Gammalt er gull

Rommet mitt i bykollektivet har endra seg litt i det siste! Kommoden og kontorstolen lånte eg nemleg av nokon andre inntil vidare, som no hadde bruk for dei sjølv. Heldigvis har eg arva ein søt, litan teak-kommode frå garden der mormor vaks opp, og mamma var så grei og donerte ein knalltøff stol som ho kjøpte brukt for ei tid tilbake. Begge er ganske nette, så no har eg plutseleg mykje meir golvplass å danse på!